|
Du finn Gryta camping
midt mellom Olden sentrum og
Briksdalen, idyllisk plassert ved vatnet med utsikt
til
to av isbreane som omgir dalen. Dette er ein stad
for
”verkelig” ferie.
På campingplassen er det 5 nybygde hytter med god
standard. Her er ca 80 plassar for telt, bubilar og
campingvogner.
Her finn du mini-dyrepark med geiter og
ponnyar, leikeplass for dei unge og stort
opphaldsrom
med TV. Utlån av robåtar til den som vil freiste
fiskelukka
på vatnet. Gryta camping har breiband og
internettkafé.
Vertskapet formidlar tur- og aktivitetstilbod i
området. Campingplassen vart opna i 1993, og vann i
1996 prisen for beste campingplass i Noreg.
Medlem av NAF og ANWB.
Velkommen! |

|