|
Øvst i Oldedalen, i
svingen som tek deg opp siste kneika til Briksdal,
ligg Melkevoll Bretun. Her er campingplass med
oppstillingsplasser for campingvogner, bubilar og
telt i tillegg til utleige av hytter, og
parkeringsplassar for dagsbesøkande til
Briksdalsbreen.
Terrenget på sjølve plassen er utforma etter ein
”land art”-ide der naturen sjølv har stått modell.
På bretunet finn ein òg eit av landets beste
buldre-/klatrefelt. Og ikkje minst: I den store
steinura finn du kopi av ein steinalderbustad, den
såkalla ”steinalderhola”. Her tek vi imot grupper på
inntil 50 personar.
For grupper tilbyr vi natur- og kulturguiding.
Utsiktskvalitetane er svært spesielle: I aust
lyser Briksdalsbreen, i syd Melkevollbreen, i vest
buldrar Volefossen nedetter fjellsida og mot nord
har ein utsikt over vakre Oldedalen og Oldevatnet.
Melkevoll Bretun ligg like ved grensa til
Jostedalsbreen Nasjonalpark og er utgangspunkt for
mange merka turstiar i nasjonalparken.
I resepsjonen møter du guidane frå Olden Aktiv. Dei
tek deg med på guida blåistur på Brenndalsbreen
eller andre fjell- og breturar i nasjonalparken.
|

|