|
Campingplassen ligg
idyllisk til ved Oldevatnet, omkransa av fjell og
brear.
I resepsjonsbygget har du tilgang til opphaldsrom
med TV og internett.
Plassen er frå 2003 klassifisert med fire stjerner.
Her er både enkle hytter med kjøleskåp og kokeplater
og litt større hytter med dusj, toalett
og TV. Leikeplass for dei minste, samt trampoline og
volleyballnett.
Kiosk med nysteikte brød og rundstykke.
Her er og eit utval daglegvarer i tillegg til
servering av hamburger/pølser.
Oldevatnet er kjent som eit godt fiskevatn med aure
og røye. Sal av fiskekort og fiskeutstyr i kiosken.
Gratis utlån av båtar, kanoar og syklar til
gjestene. Utleige av trøbåt.
Oldevatn Camping er eit fint utgangspunkt for
turar i Nordfjord.
Medlem av ANWB, ADAC og ACSI. |


|