|
På Yrineset ved
Oldevatnet har vertskapet Dagrun og Svein Yri bygt
opp eit fantastisk opplevingsområde, basert på
nærleiken til vatnet og naturen rundt. Yrineset kan
ta imot grupper opp til 100 personar for servering
og aktivitetar. Vertskapet hjelper til med å skaffe
matservering
og underholdning etter ynskje. Mat og opphald
på Yrineset må bestillast på førehand. Yrineset kan
tilby avkopling frå stress og ei god naturoppleving.
Ved bålet kan du nyte ekte bålkaffi til fuglesong og
fossedur.
Ved Yrielva kan vi kaste med not, ein underhaldande
fiskeaktivitet som tek ca 20 minutt. På grillområdet
kan fangsten tilberedast og bli servert. Eigen
kaiplass til båten som trafikkerar på Oldevatnet.
Frå Yrineset kan ein ta spaserturen opp til dei
gamle
setrane på Yri og nyte den fine utsikta over
Oldedalen frå sætrevollen.
|

|